Eggbert - ei litt annerledes høne
Eggbert, eller Lille Kyllings Eggbertine som ho er døypt om til var den første kyllingen vi klekka ut i rugemaskin, og på ein måte starten på heile "galskapen". Fra før hadde vi fire voksne høner + ein hane, men det å klekke ut eit sånt lite nøste og følge det fra starten av var heilt fantastisk. Eggbert hadde ein relativt tøff start på livet, og matmor måtte til for å hjelpe ho ut fra egget.
Fra starten av var Eggbert veldig menneskekjær, og som einaste overlevande fra sitt kull veldig einsam. Vi som "mamma" og "pappa" vart derfor flokken hennar og overalt kor me gjekk sprang ho etter. Favoritten var å få ligge i fanget vårt og sove med god kroppsvarme. Begge vi fekk eit så inderleg stort hjerte for denne krabaten, og aldri før har vel ei høne hatt ein sånn oppvekst. Eggbert var med oss over alt, i senga, i sofaen for å sjå på tv, på skuldra når vi gjorde husarbeid og til og med som kaptein på støvsugeren når vi svinga den rundt i huset.

Eggbert - tre dager gammel
Etterkvart som Eggbert vaks til fant vi fort ut at ho aldri kom til å godta å flytte ut til de store hønene. Vi prøvde fleire ganger å sette ho ut til dei, men ho tok alltid løpefart ned plenen, inn verandadøra og opp i sofaen. Ja, for det er der Eggbert helst vil ligge. Midt i sofaen og sove.

Eggbert, ca 4 veker gammal
Etter som tida har gått har det komt fleire kyllinger til og Eggbert, så snill som ho er, fungerer som "fostermor" til desse små. Ho lærer de kva som er godt å ete, å vagle på pinne og å være glad i oss mennesker. Dyr preges jo veldig av rollemodeller rundt seg, og når Eggbert er så trygg på mennesker, så blir de kyllingene ho oppdrar det også.

Eggbert viser Mummi, Lille My og Hattifnatten kva som er godt å ete.
Vi får mange spørsmål rundt Eggbert, korleis i alle dager kan man ha ei høne buande innendørs? Under har vi svart på nokon av de vanligste spørsmåla.
Har dere ho springende rundt fritt i huset?
Nei, vi har ikkje det. Eggbert har eit stort bur i stua som ho bur i, men vi slepp ho ut når vi er heime, slik at ho får strekt på vingene og bevegd seg. Litt som undulater, papegøyer, marsvin, kaniner etc.
Lukter det ikkje heilt forferdeleg?
Nei, det er overraskande lite lukt med høner om de får riktig fór og stell. Vi bytter på buret ca kvar 10'ende dag, og vi merker at det faktisk er meir lukt fra marsvinburet enn fra Eggbert sitt bur.
Skit ho overalt i huset?
Hehe, Eggbert er ikkje som andre høner ;) Ho kan fint være ute av buret eit par timer uten å gjere fra seg, det er nesten som om ho har forstått at det er fy-fy. I sofaen skit ho aldri, på gulvet har det hendt at ho har sleppt om ho har vært ute lenge, men det er tørre kuler, litt som marsvin og kanin, så de går opp med eit feiebrett.
Kva er poenget med å ha ei høne buande inne? Det er jo ikkje kjæledyr?
Vel, Eggbert er eit kjæledyr. Ho kjem gjerne opp på fanget for å kose og sove og elsker å bli klappa og kost med. Dyr er vel litt det man gjer de til, Eggbert har fått så mykje kos og oppmerksomheit heile tida at ho er så trygg på oss. Når vi står opp om morgenen klukker ho ein liten helsing, og om ho synst ho har vært litt vel lenge i buret får vi grei beskjed om det og. Når vi klapper ho lager ho små koselyder, og ho steller oss gjerne litt tilbake ved å nappe oss litt forsiktig i håret. Vi er som sagt flokken til Eggbert, og det er tydeleg at ho trives best her inne med oss.

Kose-Eggbert

Eggbert skal få fortsette å bu inne i stova her hos oss, det er tydlegvis det ho trives best med. På de fine dagene er ho ute i eigen luftegård i hagen sammen med kyllingene, men ho vil nok aldri kunne passe i den store hønseflokken som de andre gradvis blir satt inn i. Og det er eigentleg likegreit, for så lenge Eggbert bur inne, så kan vi bruke ho til å oppdra og prege de små kyllingene til å bli trygge på mennesker. Ein ting er i alle fall sikkert, Eggbert er ikkje som andre høner!