Fun-facts, tips og råd

Visste du at høner har eit litt spesielt fordøyelsessystem? 

Høner har ikkje tenner, men er alikevel altetende. Korleis klarer dei då å knuse maten?

 

Nederst i spiserøret, før den vanlige magesekken har hønene ein liten sekk som kalles kro. I denne sekken ligg det sand som hjelper til å male opp maten før den passerer til magesekken. Det er derfor viktig at hønene får tilgang til sand som dei kan ete og gjere nytte av. 

Kroa kan du fysisk kjenne på brystet til hønene deira, spesielt på kvelden, då hønene fordøyer maten hovedsaklig på nattestid. Den kjennes nesten ut som ein stor kreftsvulst, men den skal altså være der. 

Av og til kan man oppleve at kroa vert forstoppa eller betent. Høna blir då ofte slapp, får liten matlyst, dårlig/lite avføring. Kroa kjennes då relativt hard ut ved forstoppelse og væskete ved betennelse. Dette kan ofte behandlast ved at høna får i seg melkebakteriar (feks frå naturell youghurt) og gjerne også litt skjelsand.(Skjelsand bør de alltid ha fri tilgang til) Ved betennelse og forstoppelse får hønene også dårlig ånde.

Om ikkje høna vert bedre innen 24 t bør man kontakte vetrinær.

 

Visste du at hønene bader i sand og jord?

 

Det er viktig for hønene å kunne stelle seg og de bør derfor ha tilgang til sand eller jord for å rulle seg i, og rense ut skit frå fjærdrakta. Dette kan til tider gå hardt ut over blomsterbeda om du ikkje passar på, ingenting er meir fristande enn solvarm, mjuk plantejord. Ønsker du å halde hønene ute frå blomsterbeda kan det være lurt å setje opp ein stålvajer rundt, og sørge for at hønene får ein eigen jordkasse som de ikkje treng å jobbe for å klare å komme inn i. Dei vil nok i dei fleste tilfella foretrekkje den "enkle" kassen som dei kan hoppe rett opp i.

 

Visste du at høner er svært smarte og lærer lett?'

 

At høner er smarte kan man nesten vite ved å sjå dei i auga. Faktisk er dei så smarte at om dei vert møtt med eit spesielt problem dei må løyse, kan det være nok at dei ser korleis ei anna høne løyser det, entan i det verkelege liv, eller på video.